Om AFO

AFO er eit skulefritidstilbod til elevar ved skulane i Os frå 3.-7. klasse. I aktivitetsdelen av AFO brukar elevane symjehallen kvar dag. Her vil det bli lag til rette for både symjeopplæring, organisert og uorganisert leik i bassenget. Vi skal tilby leik og symjeopplæring på forskjellige nivå, slik at alle finn noko dei trivst med.

Ved sida av symjehallen legg vi også opp til bruk av treningssalar og delar av uteområdet.

Slik er dagen lagt opp

Osbadet tilbyr henting via Os Taxi for elevar som går på skulane Os, Borgafjell, Lunde, Søfteland, Nore Neset og Lysekloster. Det er viktig at elevane går rett til bussen ved skuleslutt. Andre elevar har moglegheit til å delta på AFO, men må ordna transport til Kuventræ i eigen regi. Derson det er fleire elevar frå ein skule utanom dei nemnte skulane kan det vere mogleg for Osbadet å ordna transport. Ta gjerne kontakt for å diskutere det nærmare. 

I utgangspunktet er det leksehjelp og matservering fram til 14:45. Innanfor denne tida vil det også bli lagt opp til leik og anna aktivitet utanfor symjehallen. Maten er i hovudsak enkel brødmat, varm mat og frukt. Om eleven har allergiar, er det viktig at Osbadet får beskjed om dette på førehand. Frå klokka 14:45 er elevane i symjehallen. Normalt er elevane ferdige i symjehallen 15.45. 

Alle elevar må hentast på Osbadet innan klokka 16.30. Dersom du ikkje når fram innan det, er det viktig at personalet får beskjed.

AFO følger skuleruta

Ordninga er stengd ved skulefri. Det er halv betaling i desember og to-tredelsbetaling i juni. Oppseiingstida på AFO er to månader, og gjeld frå den første i kvar månad. Alle påmeldingar er bindande. 

Ved spørsmål, ta kontakt på post@afoos.no.

For meir informasjon om prisar og for å melde på ein elev klikk vidare her

Bilder fra AFO